Personvernerklæring
Personopplysningar er opplysningar som kan koplast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysningar, eller annan informasjon som kan knytast til deg meir indirekte. Du skal vite kva slags personopplysningar vi behandlar, slik at du kan ta vare på rettane dine etter personvernlovgivinga.
Reglane for behandling av personopplysningar byggjer på nokre grunnleggjande prinsipp.
- Behandling av personopplysningar må vere lovleg
Det må finnast eit rettsleg grunnlag for den behandlinga ei verksemd ønskjer å gjere.
- Behandling av personopplysningar må skje rettferdig
Behandlinga av personopplysningar skal gjerast i respekt for interessene og dei rimelege forventningane til dei registrerte. Behandlinga skal dessutan vere gjennomsiktig og forståeleg for dei registrerte, ho skal ikkje gå føre seg på fordekte eller manipulerande måtar.
- Behandling av personopplysningar skal vere gjennomsiktig
Behandling av personopplysningar skal vere oversiktleg og føreseieleg for den registrerte. Den det blir behandla opplysningar om skal vere informert om dette.
1. Innhenting og behandling av personopplysningar
1a.Kva opplysningar treng Nok. SF for ulike grupper av personar2a
1b.Samtykke for innhenting, oppbevaring og deling av personopplysningar
1c.Oppbevaring/sikring av og innsyn i personopplysningar
1d.Informasjon om innsamling og behandling av personopplysningar
2. Kvalitetssikring av personopplysningar
2aLagring av personopplysningar
2b.Rett til retting og sletting av personopplysningar
2c.Registrering og rapportering av avvik
3. Utlevering av personopplysningar
3a.Dokumentasjon og informasjon til samarbeidspartar og offentlege instansar
3b.E-post, sms og telefonsamtalar – internt og eksternt
3c.Føring av statistikk og rapportering til Buf.dir
4. Sosiale medium;Årsrapport, nettside, TV, avis og facebook
1.Innhenting og behandling av personopplysningar
All informasjon og personopplysningar som Nok. SF innhentar, behandlar, lagrar og utleverer skal utførast med saklegheit og vere relevante i høve til dei tilsette og brukarane ved senteret. Registrering av personopplysningar skjer for å sikre at Nok. SF har dei opplysningane og den dokumentasjonen som trengst for å ta vare på arbeidsgjevaransvaret sitt samt oppfølging og dokumentasjon av brukaren – både «her og no» og i framtida.
Personopplysningane blir henta inn med bakgrunn i at:
- Den registrerte har samtykt i å vere tilknytt Nok. SF som tilsett, styremedlem, brukar, samarbeidspartar, student el.
- Opplysningane er nødvendige for at Nok. SF skal oppfylle forpliktingane sine;
- som arbeidsgjevar (A-melding til NAV, SSB og skatteetaten, fagforeining, KLP og revisjon)
- ta vare på brukarane sine gjennom kontakt og samarbeid med dei og dei øvrige hjelparane deira
- Rapportere til Buf.dir og statistikk
- Søkje om tilskot frå kommunane i Sogn og Fjordane, fylkeskommunen, Helse Vest og Buf.dir.
- Informasjon til offentlege instansar og ålmenta via Årsmelding og Årsrapport
Referanse
Personvernforordningen Artikkel 5 – Prinsipper for behandling av personopplysninger
Personvernforordningen Artikkel 6 – Behandlingens lovlighet pkt. 1a (samtykke), 1b (oppfylle avtale) og 1f (berettiget interesse) Personvernforordningen Artikkel 9, pkt 2a – Behandling av særlige kategorier av personopplysninger
1.a Kva opplysningar treng Nok.SF for ulike grupper av personar
Nok. SF innhentar, oppbevarer og vidareformidlar personopplysningar for følgjande grupper;
Tilsette
Ikkje sensitive personopplysningar; Namn, tlf.nr., adresse, E-post, fødselsnummer og kontonummer Sensitive personopplysningar; Fagforeining, medarbeidarsamtalar og sjukefråvær
Styret
Ikkje sensitive personopplysningar; Namn, tlf.nr., adresse, E-post, fødselsnummer og kontonummer
Brukarar
Ikkje sensitive personopplysningar; førenamn, alder, bustadkommune, tlf.nr og evt E-post
Sensitive personopplysningar; utsett/pårørande-status og helseopplysningar
Samarbeidspartar og studentar
Ikkje sensitive personopplysningar; Namn, tlf.nr, E-post, arbeidsstad
1.b. Samtykke for innhenting, oppbevaring og deling av personopplysningar
Dei tilsette ved Nok. SF skal gi nødvendig informasjon til og innhente samtykke frå brukarane sine
- Informert/presumert samtykke for ikkje sensitive personopplysningar gjeld alle grupper
- Brukaren skal gi samtykke for oppheving av teieplikt og utlevering av personopplysningar
- Munnleg samtykke for sensitive personopplysningar som blir delte munnleg Skriftleg samtykke ved utlevering av sensitive personopplysningar som blir delte skriftleg Unntak gjeld ved meldeplikt til barnevern og naudverje (Barnevernsloven § 6-7 og Straffeloven § 196 Plikt til å avverge et straffbart forhold )
- Munnleg samtykke for sensitive personopplysningar som blir delte munnleg
- Skriftleg samtykke ved utlevering av sensitive personopplysningar som blir delte skriftleg
- Unntak gjeld ved meldeplikt til barnevern og naudverje (Barnevernsloven § 6-7 og Straffeloven § 196 Plikt til å avverge et straffbart forhold )
1.c. Oppbevaring av og innsyn i personopplysningar
Personopplysningar om tilsette og brukarar kan oppbevarast så lenge opplysningane er relevante for det føremålet dei er oppretta. Nok. SF har ikkje arkiveringsplikt eller tilgang på fjernarkiv.
Tilsette, medlemmer av styret og samarbeidspartar
Ikkje sensitive personopplysningar som namn, tlf.nr, e-post ol kan oppgivast på nettside og Årsrapport
Sensitive personopplysningar blir oppbevarte i låst arkivskap med tilgangskontroll, og passordbeskytta på PC med moglegheit for fjernsletting. Økonomikonsulent og dagleg leiar har tilgang.
Brukarar av senteret
Anonymiserte/ikkje sensitive personopplysningar blir oppbevarte i låst safe med tilgangskontroll, og på passordbeskytta PC og mobil med moglegheit for fjernsletting. Alle faglege rådgjevarar har tilgang på desse.
Sensitive personopplysningar blir oppbevarte i låst safe med tilgangskontroll. Alle faglege rådgjevarar har tilgang på desse. Ingen sensitive opplysningar blir lagra på PC eller mobil.
1.d Informasjon om innhenting og behandling av personopplysningar
Nok. SF er pålagt å informere brukarane sine om innhenting og behandling av personopplysningar. Munnleg informasjon skal givast ved tilsetjing, tildeling av tillitsverv og oppstart av brukarkontakt. Den skriftlege informasjonen skal vere tydeleg og lett tilgjengeleg
- På oppslagstavle på senteret
- På nettside og facebookside
2.Kvalitetssikring av personopplysningar
Nok. SF fører ikkje journal og har ikkje arkiveringsplikt, så det skal berre lagrast eit minimum av personopplysningar for alle grupper. Brukarar skal i prinsippet kunne vere anonyme, og informasjon til Buf.dir, statistikk og Årsrapport skal anonymiserast.
2.a Lagring av personopplysningar
Det skal i minst mogleg grad lagrast personopplysningar i papirformat
- Økonomikonsulent har ei personalmappe i papirformat for noverande tilsette og ei personalmappe for tidlegare tilsette (for å oppfylle arbeidsgjevarplikta til diverse etatar)
- Ikkje sensitive personopplysningar om brukarar blir oppbevarte i ein perm i safe.
Digitale personopplysningar blir lagra på passordbeskytta område på PC og mobil med tilgangskontroll og kan fjernslettast ved eventuelt tjuveri/tap av mobiltelefon.
Sensitive brukaropplysningar kan berre oppbevarast etter følgjande prinsipp;
- Mail til Post@ kan oppbevarast i inntil 1mnd dersom ikkje anna er avtalt med brukaren
- Telefonnummer og SMS kan oppbevarast så lenge brukaren nyttar tilbodet til senteret
- Fråsegner, stadfestingar, brev, mail ol kan oppbevarast i inntil 1 mnd dersom ikkje anna er avtalt med brukaren
2.b Rett til retting og sletting av personopplysningar
Tilsette kan ved førespurnad til dagleg leiar be om retting og sletting av personopplysningane sine. Dagleg leiar vurderer dette i samsvar med gjeldande lovverk, ved tvil blir dette drøfta med styreleiar.
Brukarar kan ved førespurnad via fagleg rådgjevar eller direkte til dagleg leiar be om sletting av personopplysningar, og dette skal imøtekomast straks. Anonymiserte personopplysningar vil bli sletta når dei ikkje lenger er nødvendige for rapportering til Buf.dir og statistikk.
Elles blir personopplysningar sletta fortløpande i samsvar med 2.a og seinast ved opphøyr av kontakten.
Referansar
Personvernforordningen Artikkel 17, pkt 1 – Rett til sletting («rett til å bli glemt») Personvernforordningen Artikkel 32 – Sikkerhet ved behandling
2.c Registrering og rapportering av avvik
Personopplysningar kan kome på avvegar dersom dei ikkje blir oppbevarte forsvarleg i låst arkivskap/safe med tilgangskontroll, på passordbeskytta PC eller mobiltelefon eller ved tjuveri/innbrot. Ved mistanke om at personopplysningar har kome på avvegar skal dagleg leiar/stadfortredar utføre:
- Kartleggje avviket, involverte aktørar, vurdere risikograd og føre avviksskjema
- Registrere avviket til datatilsynet i samsvar med GDPR-krav innan 72 timar etter avdekking
- Ved sterk risiko for avvik skal brukarar som er råka varslast om dette innan 72 timar
Referansar
GDPR forordningens artikkel 33 og 34
- Utlevering av personopplysningar
Ikkje sensitive og anonymiserte personopplysningar kan brukast i Årsrapport og på nettside. Informasjon med personopplysningar til offentlege styresmakter blir overført på ein trygg måte slik at ikkje uvedkomande får tilgang til dei. Ved behov for utlevering av munnlege og/eller skriftlege sensitive personopplysningar gjeld følgjande:
3.a Dokument og informasjon til og frå samarbeidspartar og offentlege instansar
Som hovudregel skal dagleg leiar/stadfortredar opne og fordele all post som ikkje har spesifisert mottakar. Post med spesifisert mottakar skal leggjast uopna til mottakar.
Dokument og informasjon som blir sende ut;
- A-melding vedkomande tilsette og andre lønsmottakarar blir send til NAV, SSB og skatteetaten
- Nødvendige personopplysningar vedkomande tilsette og styremedlemmer blir sende til Brønnøysunds-registeret, Virke, KLP, Buf.dir, Nok.Norge
- Sensitive personopplysningar om brukarar kan sendast som papirdokument i brev til advokat, politi ol. dersom skriftleg samtykke frå brukaren ligg føre
3.b Epost, SMS og telefonsamtalar – internt og eksternt
Personinformasjon blir overført på ein trygg måte utan at uvedkomande får tilgang til han.
- Alle tilsette har ein jobbmobil som ligg på kvart enkelt kontor (som kan fjernslettast) der telefonsamtalar og SMS med brukarar og samarbeidspartar blir utførte og registrerte
- Innkomne mail, SMS og telefonsamtalar blir anonymiserte og registrerte i statistikk til Buf.dir og sletta i samsvar med 2.a og 2.b.
- Munnleg informasjon om brukaren kan givast til samarbeidspartar dersom brukaren har gitt munnleg samtykke, skriftleg informasjon krev skriftleg samtykke.
- Alle eksterne mail og SMS skal anonymiserast så godt som mogleg
3.c Føring av statistikk og rapportering til BUF Direktoratet
Nok.SF er pålagt å føre statistikk og rapportere til Buf.dir på A-, B-, C- og D-skjema. Alle data som blir rapporterte er anonymiserte, og blir dermed ikkje rekna som sensitive personopplysningar.
Referanse
Personvernforordningen Artikkel 29 – Behandling som utføres for den behandlingsansvarlige eller databehandleren
Personvernforordningen Artikkel 30, pkt 1d – protokoll over behandlingsaktiviteter
Personvernforordningen Artikkel 32, pkt 4 – sikkerhet ved behandling
- Sosiale medium; Årsrapport, nettside, TV, avis og Facebook
Det må visast medvit rundt informasjon som blir publisert i Årsrapport og media, for å sikre at personar som blir intervjua eller blir tekne bilete av til dette føremålet har gitt samtykket sitt. Nok. SF har eiga nettside med kontakt-mail og facebookside.
Følgjande spelereglar gjeld;
- Dagleg leiar/stadfortredar har ansvar for publisering i Årsrapport, media og nettsider
- Det kan nyttast bilete av brukarar til intern bruk med munnleg samtykke
- Det kan nyttast bilete av brukarar til ekstern bruk ved skriftleg samtykke
- Brukarrepresentantar blir oppgitt ved namn og kontaktinformasjon på nettside og må underskrive samtykke og teieerklæring
Informasjonskapslar (cookies)
Når du besøkjer nettsidene våre, installerer vi cookies som er nødvendige for at du skal kunne nytte deg av nettsidene våre. Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Nokre av informasjonskapslane er nødvendige for at ulike tenester på nettsida vår skal fungere. Informasjonskapslar blir òg nytta for å analysere bruken av nettsidene våre.
Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ønskjer dette, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at han blokkerer informasjonskapslar frå noksognogfjordane.no. Ver merksam på at dette kan føre til at nettsidene våre ikkje fungerer optimalt.