Tilbod til pårørande
Som pårørande til personar utsette for seksuelle overgrep kan du ha mange spørsmål, erfaringar og kjensler som du har behov for å snakke om. Vi har kunnskap og erfaring til å hjelpe deg, anten du er forelder, anna familiemedlem, partnar eller ven.
På eit Nok.-senter kan du få kunnskap om vanlege reaksjonar etter eit overgrep, og hjelp til å bearbeide eigne tankar, kjensler og reaksjonar. Hos oss finn du ein trygg stad å snakke om relasjonar og om korleis du kan ta vare på både den som er utsett og deg sjølv.
Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod. Vi er her for deg.
Einesamtalar
I einesamtalane får du snakke med ein fagleg rettleiar ved senteret som har kunnskap om seksuelle overgrep og traume. I den første samtalen vil vi fortelje deg litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe deg med.
Du bestemmer sjølv kva du deler og vil fortelje. Å kome til samtale er heilt uforpliktande. Dette inneber at du har moglegheit for vidare oppfylging, men at du også kan avvikle når du sjølv vil.
Nettverkssamtalar/pårørandesamtalar
Dersom du som pårørande ønskjer å ha med andre på samtalen, til dømes den utsette, lege, psykolog, lærar, helsesjukepleiar eller andre fagpersonar kan vi avtale ein nettverkssamtale/pårørandesamtale. Dette kan vere fint dersom du treng at fleire fagpersonar skal samarbeide eller at du berre vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.
Gruppetilbod
Her kan du møte andre pårørande. Mange opplever at det er fint å kunne fortelje historia si og dele erfaringar med andre som har vore i same situasjon.
Eventuelle gruppetilbod blir leia av ein fagleg rådgjevar. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Om seksuelle overgrep og valdtekt
Kva er eigentleg eit overgrep eller ei valdtekt, og korleis er det vanleg å reagere? Kva bør du som er pårørande gjere og ta omsyn til?

Om seksuelle overgrep og valdtekt
Kva er eigentleg eit overgrep eller ei valdtekt, og korleis er det vanleg å reagere? Kva bør du som er pårørande gjere og ta omsyn til?
