Korleis vi jobbar
Alle brukarar ved senteret skal bli møtt med respekt og likeverd. Vi ønskjer å vere tilstades for alle som er utsette for seksuelle overgrep og pårørande som har behov for råd, rettleiing og støtte. Du kan vere anonym og alle tilsette og brukarar har teieplikt. Du kan òg få tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod.
Nok.-sentera har ein felles fagleg plattform og rettleiar for eit tilpassa tilbod til alle kjønn, personar med funksjonsnedsetting og fleirkulturelle brukarar. Vi ønskjer å ha eit inkluderande tilbod for alle.
Dersom du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med oss og så finn vi ei løysing som passar for deg.
Tilbod til utsette
Vi er eit gratis hjelpetilbod for deg som har opplevd seksuelle overgrep. Du treng ikkje tilvising frå lege, og du kan ta kontakt når du treng det. Hos oss kan du fortelje om det du har opplevd i ditt eige tempo. Vi har kunnskap om vanlege reaksjonar etter seksuelle overgrep. Her kan du fortelje trygge fagpersonar om det som har skjedd og få hjelp til å bearbeide tankar, kjensler og reaksjonar. Du kan òg få hjelp til å fortelje familie eller andre pårørande om det som har skjedd. Dersom du ønskjer det, kan vi hjelpe deg med å melde saka til politiet eller bistå i møte med andre hjelpeinstansar.
Tilbod til pårørande
Som pårørande til personar utsette for seksuelle overgrep kan du ha mange spørsmål, erfaringar og kjensler som du har behov for å snakke om. Vi har kunnskap og erfaring til å hjelpe deg, anten du er forelder, anna familiemedlem, partnar eller ven.
Tilbod til fagpersonar
Nok. er òg ein fagressurs som tilbyr råd, rettleiing og fagleg støtte i saker som handlar om seksuelle overgrep. Vi kan bidra med drøfting av bekymringar, rettleiing om handtering av saker og informasjon om aktuelle hjelpetiltak.
Treng du tolk?
Når det er behov for tolketeneste, er det noko vi kan ordne. Vi brukar då tenesta Tolkenett.
Den fysiske utforminga av senteret
Senteret ligg i Førde sentrum, adressa er Fjellvegen 18 (gamle politistasjon). Lett tilkomst for menneske med varierte funksjonsnedsettingar. Samtalerom, allrom og toalett er på eit plan.
Fagleg plattform
Nok.-sentera har spisskompetanse på seksuelle overgrep, og alle tilboda blir utvikla ut frå eit felles fagleg grunnlag og felles rammer for praksis.



