Om Nok. Sogn og Fjordane
Nok. er eit lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Vi tilbyr òg rettleiing til fagpersonar og alle andre som treng det. I tillegg driv vi med førebyggjande arbeid som undervisning og kompetanseheving.

Om oss
Vi jobbar for at dei utsette skal få ein betre kvardag, og for å hindre at nye overgrep skjer. Alle brukarar ved senteret skal møtast med respekt og likeverd. Vi ønskjer å vere tilgjengeleg for alle som har behov for råd, rettleiing og støtte.
Ved behov samarbeidar vi med andre instansar.
Ønskjer du å vite meir om senteret, kan du ringe eller sende ein e-post. Du kan vere anonym og vi har teieplikt.
Meir fleirspråkleg informasjon om vald og seksuelle overgrep finn du på dinutvei.no (opnast i ny fane).
Organisering
Initiativet til å etablere Nok. Sogn og Fjordane kjem frå Nok. Hordaland og Nok. Møre og Romsdal. 15.02.12 vart det etablert interimstyret, og frå 2013 fekk Nok. Sogn og Fjordane sitt eige styre.
For meir informasjon om val og oppretting av styret sjå vedtektene våre.
Nok. si verksemd er regulert i rundskriv frå Bufdir (opnast i ny fane). I tillegg inngår vi i eit fagleg samarbeid med andre Nok.-senter over heile landet. Nok.-paraplyen samlar sentera om ein felles fagleg plattform og etiske retningslinjer. Dette for å sikre høg fagleg kvalitet og eit likeverdig tilbod uavhengig av kvar i landet du bur.
Etiske retningslinjer
Nok. Norge har etiske retningslinjer som gjeld for alle medlemssentera. Kvart senter har i tillegg eigne etiske retningslinjer, i samsvar med Bufdirs regelverk.
Årsmeldingar
Årsmeldingar Nok. Sogn og Fjordane
Årsmelding 2025 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2024 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2023 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2022 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2021 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2020 (opnast i ny fane)
Årsmeldingar Smiso SF
Årsmelding 2019 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2018 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2017 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2016 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2015 (opnast i ny fane)
Årsmelding 2014 (opnast i ny fane)
Styret per i dag
Kurt Even Andersen
Styreleiar, Førde kommune sin representant (einigsleiar helse- og sosial Førde kommune)
Frode Kyrkjebø
Styremedlem frå KS
Bjarte Gangeskar
Styremedlem frå helse
Gro Anita Solheim
Styremedlem brukarrepresentant
Trude Merete Lundekvam
Styremedlem tilsettrepresentant
Chatrine Elholm
Sekretær (dagleg leiar Nok. Sogn og Fjordane)
Talsperson for brukarane
Gro Anita Solheim
Talsperson for brukarane
Nok. Sogn og Fjordane har ein talsperson for brukarane, som blir vald for to år om gongen og representerer brukarane sine interesser overfor styret og leiinga. Talspersonen kan vere ein noverande eller tidlegare brukar av senteret, eller ein annan person som brukarane har tillit til og meiner kan tale deira sak. Denne personen er òg brukarane sin representant i styret.
Talspersonen for brukarane er pr no; Gro Anita Solheim.
Har du innspel?
Er det noko du er misfornøgd med? Noko du synest er bra, eller som kunne vore gjort betre?
Kanskje det er noko du synest er vanskeleg å seie direkte til dei som jobbar på senteret?
Då kan du ta kontakt med talspersonen for brukarane.
Gro Anita kan kontaktast på mail gro.anita.solheim@gmail.com eller på
tlf. 928 85 073.