Teikn og signal
Seksuelle overgrep kan skje i alle samfunnslag uavhengig av bakgrunn, økonomi eller livssituasjon. Samstundes viser forskning at nokre barn og unge kan vere meir sårbare enn andre på grunn av ulike livsomstende. Desse faktorane betyr ikkje at overgrep vil skje, men dei kan vere viktig å kjenne til i det førebyggande arbeidet.
Forhold som kan gjere barn og unge meir sårbare
Barn og unge som;
- har funksjonsnedsettingar
- er utsette for omsorgssvikt eller manglar trygge omsorgspersonar
- lever i familiar med rusmiddelproblem
- lever med foreldre som har alvorlege psykiske helseutfordringar
- opplev vald eller alvorlege konflikter i heimen
- er einslege mindreårige asylsøkjarar eller flyktningar
- bur i fosterheim eller i institusjon
- har vore utsette for vald eller andre former for mishandling tidligare i livet
Kjelde; NKVTS, Bufdir, WHO
Fysiske teikn
Det vanlegaste er at seksuelle overgrep ikkje etterlet varige fysiske endringar. Av og til vil det likevel kunne påvisast tydelege fysiske spor, men medisinske funn åleine vil sjeldan gje sikre haldepunkt for om eit barn har vore utsett for seksuelle overgrep.
Nokre barn som har vore utsette for overgrep, klagar over sårleik og smerter i underlivet. Ein vil då kunne sjå at huda/slimhinna til barnet er raud i desse områda. Av og til er sårleiken av ein slik karakter at barnet har problem med å sitje og gå normalt.
Blødingar, utflod og gjentekne urinvegsinfeksjonar kan vere teikn på overgrep. Slike symptom er meir mistenkjelege dess yngre barnet er.
Psykiske teikn og signal
Aldersinndelinga nedanfor er gjort av omsyn til oversikta. Nokre av signala og symptoma som er skildra innanfor dei yngre aldersgruppene, kan vere like aktuelle i eldre aldersgrupper.
Innhaldet over er utdrag frå “Seksuelle overgrep mot barn - en veileder for hjelpeapparatet”, utgitt av Sosial- og helsedirektoratet i samarbeid med Barne- og familiedepartementet. Du kan lese den her: